
Søkjarar som har gjort alvorleg brotsverk før dei kjem til Noreg, skal nektast flyktningstatus sjølv om vilkåra for asyl elles er oppfylte. UNE har handsama fleire saker der dette er det sentrale vurderingstemaet.
I praksisnotatet om utestenging kan du lese om kva vurderingar klageorganet UNE gjer når dei skal vurdere om ein søkjar skal nektast flyktningstatus.
Vilkåra må vere oppfylt
Vilkåra for å utestenge ein person frå status og rettar som flyktning, står i utlendingslova 31 (lovdata.no).
Praksisgjennomgangen viser at UNE i dei fleste sakene der utestenging er eit vurderingstema, kom til at vilkåra for å nekte flyktningstatus var oppfylte.
Utestenging frå flyktningstatus
- Utestenging betyr at søkjaren blir nekta status og rettar som flyktning fordi han eller ho har gjort seg skuldig i eit alvorleg brotsverk før han eller ho kom til Noreg som flyktning. Vern kan også nektast for kriminelle forhold utført her i landet.
- I Noreg er dette regulert i utlendingsloven § 31 (lovdata.no).
- UNE tek ikkje stilling til spørsmål om utestenging utan først å konstatere at vilkåra for å få flyktningstatus etter utlendingsloven § 28 er oppfylt.
- Søkjarane som blir utstengd frå flyktningstatus er verna mot retur. Dei fleste får eit mellombels løyve inntil hinderet for retur til heimlandet fell bort.
Over 100 avgjerder gått gjennom
Det oppdaterte praksisnotatet baserer seg på over 100 UNE-avgjerder og rettsavgjerder i perioden 2015 – 2024. Førre oppdatering var i 2021.
Sakene omfattar borgarar frå mange ulike land, men fleirtalet gjaldt borgarar frå Eritrea, Syria, Iran og Irak.
Fleire saker omgjorde
Samanlikna med førre oppdatering, har fleire saker vorte omgjorde. Litt under halvparten av sakene frå perioden 2021 – 2024 enda med omgjering og at søkjaren fekk eit løyva som flyktning. For avgjerdene før 2021 gjaldt dette om lag ein av seks saker
Praksisnotat er UNEs offisielle beskriving av eigen praksis innanfor visse tema. Notata blir jamleg gjennomgåtte og blir oppdaterte ved behov.