illustration

Gjennomgangen av praksis viser at manglande sannsynleggjering av identitet er ein avslagsgrunn i ein del saker om asyl, norsk statsborgarskap og reisedokument.

Identiteten, det vil seie namn, alder, nasjonalitet og kven du «er», kan vere avgjerande for ei rekkje rettar og pliktar i samfunnet. I utlendingssaker må UDI og UNE vurdere om dei krava som regelverket stiller til dokumentasjon på identitet er oppfylt, spesielt i saker der det har betydning for utfallet.

Ei ny praksisbeskriving gir innblikk i kva desse krava betyr i møte med enkeltsaker, kva ID-relaterte problemstillingar UNE møter i dei ulike sakstypane og korleis det kan påverke utfallet av sakene. 

Beskrivinga tek for seg ID-vurderingar i asylsaker, saker om familieinnvandring, arbeid, studiar og visum, og saker der søkjaren har fått eit såkalla avgrensa løyve på grunn av sterke menneskelege omsyn eller særleg tilknyting til Noreg.  

Heile praksisbeskrivinga kan du lese her.

Gjennomgangen viser at manglande sannsynleggjering av identitet er ein avslagsgrunn i ein del saker om asyl, saker om norsk statsborgarskap og saker om reisedokument. I saker om familieinnvandring, arbeid og studium er det sjeldnare ei problemstilling. Vidare viser gjennomgangen at hovudgrunnen til at eit løyve blir avgrensa er at det ikkje er framlagt pass i saker der det etter UNEs vurdering er mogleg for søkjaren å leggja fram pass. 

Praksisbeskrivinga er primært skriven for å gi saksbehandlarar, nemndleiarar og nemndmedlemmer ein introduksjon til UNEs praksis på temaet identitet. Den byggjer på ein gjennomgang av vedtak i UNEs praksisbase og innspel frå sakseiningane om dei viktigaste problemstillingane.