UNE har publisert eit nytt praksisnotat om lengeværande barn og vurderinga etter utlendingslova § 38 og utlendingsforskrifta § 8-5.
Utlendingsforskrifta § 8-5 blei i si tid utforma med tanke på barnefamiliar som blei buande lenge på mottak etter avslag, men føresegna gjeld for alle sakstypar. Dette praksisnotatet ser særleg på beskyttelsessaker, og byggjer vidare på tidlegare gjennomgangar som Varig ordning for lengeværende barn (2016), stortingsmeldinga Barn på flukt og UNEs rapport Ett år etter Barn på flukt.
Når blir barn rekna som lengeverande?
Notatet tek for seg saker der ein familie har blitt verande i Noreg etter eit avslag, og barnet har hatt ein butid på minst 4,5 år og eitt år på skule. Dette er terskelen for når eit barn blir vurdert som «lengeverande», og når barnet si tilknyting åleine kan utgjere sterke menneskelege omsyn etter § 38.
Kva inngår i vurderinga av barn si tilknyting?
Barn utviklar tilknyting gjennom kvardagsliv, skulegang, vener og omsorgspersonar. Korleis denne tilknytinga blir vurdert, har stor tyding for utfallet av mange saker. Praksisnotatet gir eit meir heilskapleg bilete av korleis UNE gjer desse vurderingane.
I vurderinga veg UNE barnet si tilknyting og omsynet til barnet sitt beste opp mot innvandringsregulerande omsyn. I tråd med regelverket skil UNE mellom mindre tungtvegande og tungtvegande omsyn.
- Når foreldra har medverka til å avklare identiteten, blir til dømes ulovleg opphald og oversitja utreisefrist vurdert som mindre tungtvegande.
- Når foreldra ikkje har medverka, eller når det er gitt uriktige opplysningar om identitet, blir dette vurdert som tungtvegande innvandringsregulerande omsyn. Då må barnet si tilknyting vere desto sterkare for at opphald kan bli gitt.
Konkrete og skjønnsmessige vurderingar
Jo sterkare tilknyting eit barn har, jo meir skal til for å oppretthalde eit avslag. Samtidig finst det inga fast grense i praksis for når opphald blir gitt. Vurderingane er konkrete og skjønnsmessige, der moment som talar både for og mot ei tillating blir vurderte i samanheng. Når avslag blir oppretthalde, legg UNE til grunn at dette er forsvarleg ut frå omsynet til barnet sitt beste.
Notatet byggjer på om lag 160 avgjerder frå perioden 2016–2025, og gir eit bilete av korleis UNE nyttar regelverket i praksis.









