rettssaksåret-2022_1500

UNE fekk 53 rettskraftige dommar i fjor.

Oppsummeringa for UNE sine rettssaker i 2022 gir 55 prosent medhald totalt. Det vil seie at vedtaka, i 55 prosent av tilfella, blei kjend gyldig. Det svarar til 29 av 53 rettskraftige dommar.

– Medhaldsprosenten er ikkje helt der vi ønskjer. Samtidig var det færre rettssaker i fjor enn tidlegare år, så da gjer den einskilde dom større prosentvis utslag. Vi har difor ikkje tapt fleire saker i rene tall enn før, fortel avdelingsdirektør Ketil Larsen.

Han forklarer vidare at i ein del av sakene der UNE ikkje har fått medhald, så er det ikkje einsbetydande med at utfallet er feil.

– Det kan vere at grunngivingane våre må bli tydelegare. Og det tek vi til etterretning, fortset han.

– Domstolskontroll er ein viktig del av rettsvernet. Og dommar er viktige tilbakemeldingar på om saksbehandlinga vår held den standarden den skal etter regelverket.

Rettskraftige dommar

Statistikk

  Dommar Medhaldsprosent
Tingretten 24 58%
Lagmannsretten 26 50%
Høgsterett 3 67%

I tillegg blei ein dom frå lagmannsretten oppheva i staten sin favør i Høgsterett.

Talet på rettskraftige dommar frå lagmannsretten er vesentleg lågare samanlikna med i 2021. Lagmannsretten avsa 42 dommar i 2021 og berre 26 i 2022.

Sakstypar

Dei fleste dommane gjaldt sakstypane asyl, utvising, tilbakekall og familieinnvandring.

Statistikk*

  Dommar Medhaldsprosent
Asyl 22 59%
Utvising 13 62%
Familieinnvandring 6 67%
Tilbakekall 5 40%

* Saker blir registrerte som berre ein sakstype i systema våre. Dette gjer at saker som fell under fleire sakstypar, for eksempel utvising og tilbakekall, er registrerte på berre ein av desse. Vi tek derfor atterhald om feil og manglar i talmaterialet.

Tema i Høgsterett

I 2022 var fire saker oppe i Høgsterett, det er ein færre enn i 2021.

Tema som kom opp i Høgsterett var:

  • EØS og utvising: Om utvising av ein EØS-borgar er gyldig. UNE fekk ikkje medhald.
  • Utvising: Om utvising av ein utlending på grunn av alvorleg kriminalitet er forholdsmessig, sjølv om han kom til Noreg som barn. UNE fekk medhald.
  • Asyl: Om UNE si avgjerd om ikkje å omgjere vedtak om avslag på søknad om asyl er gyldig. UNE fekk medhald, og lagmannsretten sin dom blei oppheva. Saka blei behandla på nytt i lagmannsretten.
  • Familieinnvandring: Om alderskrav for familieetablering er i strid med EMK. UNE fekk medhald.

Oppsummering 2020-2022

Til saman er det 212 rettskraftige dommar frå dei tre siste åra.

Statistikk

  Dommar Medhaldsprosent
Tingretten 88 73%
Lagmannsretten 113 61%
Høgsterett 11 73%
Fakta

Rettssaker i UNE

Visste du at...