stornemndmøtev2_1500

Spørsmålet er om saker som skuldast brot på straffelova skal behandlast på same måte som andre opphøyrssaker.

Avgjerda om stornemnd kjem etter at Sivilombudsmannen (SOM) bad UNE vurdere på nytt ei sak der UNE hadde oppretthalde UDI sitt vedtak om opphøyr av eit asylløyve.

Praksis til no

SOM sitt syn er at det i alle saker om opphøyr skal vurderast om endringane i situasjonen ved retur er vesentlege og av ei viss varigheit, uavhengig av om personen er utvist på grunn av brot på straffelova eller ikkje.

Du finn ombudsmannens uttalelse på SOM sin nettstad (sivilombudsmannen.no).

UNE og UDI sin praksis har så langt vore at dette berre er eit vilkår i saker der opphøyr skuldast at situasjonen i heimlandet har endra seg slik at personen ikkje lenger treng vern.

UNE har sett om lag ti tilsvarande saker om opphøyr på vent inntil stornemnda har avgjort saka. Ei stornemndavgjerd har presedensverknad for etterfølgjande saker i UNE og i Utlendingsdirektoratet.

Ulike grunnar til opphøyr

Opphøyrssaker er saker der eit asylløyve blir avslutta fordi grunnlaget den blei gitt på, ikkje lenger er til stades. Det kan vere ulike grunnar til at eit asylløyve blir avslutta. I mange saker er det fordi situasjonen i heimlandet eller personens livssituasjon har endra seg så mykje at personen ikkje lenger treng beskyttelse.

Kva som skal til for å tilbakekalle eller avslutte eit asylløyve, er regulert i utlendingslova § 37. Saka som stornemnda skal behandle gjeld forståinga av utlendingslova § 37 fyrste ledd bokstav e (lovdata.no).

Fakta om stornemnd

  • Dei fleste saker i UNE vert avgjort av ein nemndleiar etter førebuing av ein saksbehandlar eller i eit nemndmøte av ein nemndleiar og to nemndmedlemmer. I heilt spesielle tilfelle blir ei sak avgjord av ei stornemnd.
  • I ei stornemnd er det tre nemndleiarar og fire nemndmedlemmer som avgjer saka.
  • Stornemndvedtak har presedensverknad for etterfølgjande saker i UDI og UNE.
  • Kva saker som kan avgjerast i stornemnd blir regulert av utlendingsforskrifta § 16-4 (lovdata.no). Det gjeld blant anna saker av prinsipiell betyding, saker med store samfunnsmessige eller økonomiske konsekvensar og saker på område der det er tendensar til ulik praksis.

Les meir: