Calendar with a magnifying glass

Photo: Adobe Stock

Året 2019 har vore dominert av relativt store endringsprosessar både når det gjeld saksflyt og organisering, seier direktør i Utlendingsnemnda, Ingunn-Sofie Aursnes.

Aursnes meiner det er all grunn til å vere fornøgd med resultatet i 2019.

- Når vi, for det resultatkravet som gjeld samla saksbehandlingstid for asylsaker i kjeda (dvs. saman med UDI og PU), når 79 prosent der resultatkravet var 80 prosent, er det slumpen som rår. Resultatkravet blei nådd for familiesamlingssaker og utvisingssaker, seier Aursnes.

Redusert saksinngang og ny organisering

Saksinngangen er gjennom 2019 ytterlegare redusert frå om lag 8000 i 2018 til om lag 7050 i 2019.

- Med slike reduksjonar i saksinngang som vi har sett, er det ikkje tilstrekkeleg å redusere bemanninga. Vi har òg måtta endre på metodikken for saksflyt for å oppnå større fleksibilitet, og vi har gjort endringar i organisasjonskartet for å støtte den nye flyten, seier Aursnes.

Aursnes forklarar at hovudtanken bak den nye saksflyten og organiseringa er å oppnå tilpassing til reduserte budsjettrammer, tydelegare brukarperspektiv og større fleksibilitet for å kunne handtere svingingar i saksinngangen, både når det gjeld talet på saker og profilen på porteføljane.

God nok saksbehandlinsgtid

Oppsummert meiner Aursnes at vi ligg godt nok innanfor resultatkravet for saksbehandlingstid.

- Metodar for flyteffektivitet og fleksibel ressursbruk i saksavviklinga blir stadig vidareutvikla og vil gi resultat, seiar Aursnes.

Les meir i UNE sin årsrapport 2019.