Retningslinjer forstørrelsesglass

I saker der det er uvisse om opplysingar eller dokument, kan forvaltinga be utanriksstasjonane om hjelp til verifisering. No har UD og UDI oppdatert retningslinjene på området.

Både Utlendingsdirektoratet (UDI) og UNE ser ein del saker der det er usikkert om opplysingane frå søkjaren er riktige, eller om dokumentasjonen som er lagt fram i saka er ekte. Då kan forvaltinga kontakte ein norsk utanriksstasjon i det aktuelle landet og be om hjelp til verifisering.

Utanriksdepartementet sende 18. april ut ein instruks med oppdaterte retningslinjer for arbeidet med verifisering på utanriksstasjonane. Blant anna legg instruksen vekt på ansvarsfordelinga mellom utanriksstasjonen og forvaltingsorganet i Noreg.

Andre viktige omsyn er tryggleiken til dei tilsette på utanriksstasjonen, personvernet til søkjaren og korleis utanriksstasjonen skal handtere eksterne kjelder i verifiseringsarbeidet.

Oppfølging frå UNE

Som følgje har også UDI oppdatert retningslinjene sine på området (ekstern lenke).

UNE har ei eiga rutineskildring for verifisering, og vil gå gjennom den for å sjå om det er behov for endringar.