picture of hands

Kurs og foredrag, barnepsykologisk hjelp i saksbehandlinga og filmar for barn, har vore blant dei viktigaste tiltaka i UNE dei siste tre åra.

UNE brukte til saman om lag 6 millionar kroner i åra frå 2017 til 2019 for å styrke den barnefaglige kompetansen. I tillegg har fleire tilsette brukt mykje tid på arbeid knytte til dei ulike tiltaka.

– Eg er svært fornøgd med den satsinga vi har gjort innanfor feltet barnefagleg kompetanse og barnet sitt beste dei seinaste åra. Men dette er eit dynamisk og pågåande arbeid, dette er ikkje gjort ein gong for alle. UNE må halde fanen høgt for barna også i åra framover, seier UNE-direktør Ingunn-Sofie Aursnes.

Kompetansehevande tiltak

Sida 2017 har saksbehandlarar og nemndleiarar i UNE delteke på fleire interne og eksterne kurs og foredrag med tema innanfor barnerett, barnevernrett, utviklingspsykologi, barn og tilknytingsforhold, aldersvurderingar og troverdighetsvurderingar. UDI, PU og UNE har også arrangert årlege seminar om barnefaglege tema og laga eit e-læringsprogram for heile kjeda om barnet sitt beste.

For å få ein felles metodikk i korleis forvaltinga gjennomfører samtalar med barn, har UNE, UDI og PU saman med stiftelsen RBUP (Regionsenter for barn og unge si psykiske helse) utvikla eit tilpassa opplæringsprogram. Alle UNE sine nemndleiarar har gjennomførd denne opplæringa.

Stiftelsen RBUP har også utvikla eit opplæringstilbod spesielt tilpassa UNE sitt behov. Opplæringa er retta mot skriftleg saksbehandling og vurderingar av barnet sin beste og skal etter planen bli gjennomført i løpet av 2020.

Avtale med barnepsykolog

At saksbehandlarar og nemndleiarar har tilgang til ein rådgivande barnepsykolog, har vore eit anna tiltak. Barnepsykologen gir generell opplæring og hjelper og gir råd i saksbehandlinga og i samanheng med nemndmøter og rettssaker. Hjelpa har særleg vore knydde til forståinga av innsend dokumentasjon om forholda rundt barn (omsorgssituasjon, kontaktforhold og helse), råd, rettleiing og fagleg kompetanseutvikling innanfor utviklingspsykologi, tilknytingsteori, omsorgssvikt og traume og til høyring av barn. UNE inngjekk avtalen i 2018, og ordninga er vidareført.

Barnefilmer og innhold til nettsida asylbarn.no

UNE har laga tre informasjonsfilmar retta mot barn og unge. Filmane handlar om barns rett til å bli høyrde, kven som får bu i Noreg, og om barn som ikkje kan bu i Noreg saman med foreldra sine (familieinnvandring og utvising). Det er også utvikla eigne barnesider på une.no med tilpassa informasjon til barn og unge som brukargruppe.

Filmane og barnesidene finn du på une.no.

UNE har òg bidrege til utviklinga av UDI sine informasjonsfilmar om retur og avslag og til innhaldet på nettsida asylbarn.no.

Ekstern evaluering

Å heve den barnefaglege kompetansen har vore eit uttalt mål for UNE og for utlendingsforvaltninga. Heile utlendingsforvaltninga, det vil seie PU, UDI og UNE, har fått øyremerka midler for å styrke den barnefaglege kompetansen i asylkjeda.

UDI har bestilt ei ekstern evaluering av tiltaka. Kven som får oppdraget, er ikkje avgjort enda.

Fakta om barn sine rettar

  • Barn som har ei sak i utlendingsforvaltinga har spesielle rettar fordi dei er barn. For eksempel er det eigne reglane i behandlinga av søknaden.
  • Det følgjer av norsk lov og barnekonvensjonen at barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker. Andre omsyn kan likevel vege tyngre enn omsynet til barnet sitt beste avhengig av forholda i saka.
  • Barn har ein rett til å bli høyrt i alle avgjerder som handlar om dei. Det står i FN sin barnekonvensjon artikkel 12 og i Grunnloven § 104. Dette betyr at barn har rett til å seie kva dei tenkjer og meiner i saker som handlar om dei eller familien deira. I utlendingssaker er høyring av barn blant anna regulert i utlendingslova § 81 og utlendingsforskrifta § 17-3.
  • Barn kan gi uttrykk for kva dei meiner på fleire måtar i UNE sine saker. Nokre barn skriv sjølv til UNE på eige initiativ, eller etter at UNE har oppfordra til det. Dei kan også formidle synspunkta sine til foreldre, ein fullmektig eller andre vaksne. UNE innkallar også nokon barn til ein samtale.