Graph

I ei undersøking frå Opinion svarer 63 prosent at dei har svært stor eller ganske stor tiltru til norske utlendingsstyresmakter. Det er det høgaste som er målt nokon gong.

Undersøkinga viser ei auka i tiltro sidan i fjor frå veljarar til alle partier, bortsett frå veljarar til FrP. Høgast tiltru blir uttrykt frå Venstre sine veljarar, der 85 prosent svarer at dei har ganske stor tiltru eller svært stor tiltru til norske utlendingsstyremakter. I 2019 svarte 64 prosent av Venstres veljarar det same.

Halvparten av FrP sine veljar uttrykte i årets undersøking ei ganske stor eller svært stor tiltru til norske utlendingsstyremakter. Det er seks prosentpoeng lågare enn i undersøkinga frå 2019.

Lågast tiltru uttrykte veljarane til Raudt. 47 prosent av Raudt sine veljarar har svært stor, eller ganske stor tiltru til norske utlendingsstyresmakter. Det er likevel ei auke frå 2019, da delen var 30 prosent.

Gjennom mange år var det under halvparten av dei spurde som uttrykte tiltru, men frå 2011 har det heile tida vore fleire enn halvparten som har svart at dei har svært stor eller ganske stor tiltru til norske utlendingsstyresmakter.

Kvart år blir eit representativt utval på tusen personar spurd om tiltrua si til utlendingsstyresmaktene. Undersøkinga blei gjennomførd 16. til 20. juni 2020, av Opinion, på oppdrag frå Utlendingsnemnda (UNE).

graph showing political party affiliation