Utgangspunktet i det gjeldande regelverket og praksisen i UNE er at helsemessige forhold i seg sjølv ikkje gir grunnlag for opphald. Berre i unntakstilfelle kan det bli gitt eit slikt løyve i saker der det er snakk om «sterke menneskelige hensyn». FV-04 gjer greie for dei reglane som gjeld, og kva praksis UNE har i slike saker. Rettleiinga skildrar mellom anna krava til dokumentasjon av helseforhold, korleis slike saker blir greidde ut, kravet i praksisen til UNE om kor alvorleg den aktuelle lidinga må vere, og kravet til behandlingstilbodet i heimlandet.