Grafisk illustrasjon av sakspapirer

Foto: Adobe Stock

I spesielle tilfelle kan UNE i staden for å utvise, bestemme at personen må vente tre år lenger før hen kan få permanent opphaldsløyve.

Viss ein utlending bryt utlendingslova, grenselova, har gitt feilaktige eller villeiande opplysingar eller ikkje har forlate Noreg innan utreisefristen, så kan hen utvisast. Det står i utlendingsloven § 66 første ledd bokstav a (ekstern lenkje) . Å bli utvist betyr at utlendingen må forlata Noreg. Samtidig mistar hen høvet til å reisa tilbake hit, anten for ein periode eller for alltid. Innreiseforbodet vil som regel også gjelda for dei andre Schengen-landa.  

Utvising skal ikkje skje dersom det vil vera uforholdsmessig. Det betyr at vi ser på kva konsekvensar det har for utlendingen å bli utvist. Viss hen har familie i Noreg, ser vi også på kva konsekvensar det har for familien. Desse konsekvensane vurderer vi opp mot alvorsgrada av brotet. 

Alternativ til utvising

Hausten 2021 kom det ein ny regel i utlendingslova § 70 anna ledd (ekstern lenkje). Den gjer at UNE i staden for å utvise, kan bestemme at personen må vente tre år lenger før hen kan få permanent opphaldsløyve. Dette blir kalla «tilleggstid». UNE kan også bestemme inntil tre år med tilleggstid dersom UNE i slike tilfelle gir eit opphaldsløyve, sjølv om klagaren ikkje har ei utvisingssak, sjå utlendingsloven § 60 sjette ledd (ekstern lenkje).

Meininga med denne nye regelen er ikkje at det skal meir til enn før for å bli utvist. Men i nokre spesielle tilfelle kan UNE bruke denne reaksjonsforma i staden for å utvise. Det kan til dømes vera viss personen har barn i Noreg og det er noko spesielt med situasjonen til barna.

Om det er aktuelt å gi tilleggstid, blir avgjort etter ei konkret heilskapsvurdering av forholda i kvar enkelt sak. Viss det er tungtvegande innvandringsregulerande omsyn i saka, kan UNE også bestemme at ein seinare søknad om permanent opphald ikkje skal innvilgast. Det kan til dømes vera i tilfelle der utlendingen aktivt motarbeider å avklara den rette identiteten sin.

I dei tilfella ein utlending er dømde til straff i Noreg, til dømes for å ha gitt feilaktige opplysingar om identitet, gjeld det uansett eit krav om tilleggstid for å få permanent opphaldsløyve. Den nye føresegna om tilleggstid får derfor særleg betyding i saker der det ikkje er gitt straff.

I kva tilfelle har UNE gitt tilleggstid?

Av cirka 90 utvisingssaker som UNE gjorde om i 2022, bestemde UNE i 28 saker at det skulle givast tilleggstid på 2 eller 3 år som alternativ til utvising. I grunngivingane for tilleggstid viste UNE hovudsakleg til at utvising var uforholdsmessig av omsyn til barn som vart ramma, eller at det var tvil om det var uforholdsmessig. Vurderingane er konkrete og samansette. Det er til dømes vurdert at barna, i tillegg til ei sterk tilknyting til Noreg, var særleg sårbare på grunn av helse eller andre forhold. Eller at klagaren var den einaste eller ein sentral omsorgsperson for barna. I to saker vart utvisingsvedtaket omgjort med tilleggstid på grunn av sterke menneskelege omsyn hos klagaren sjølv.

I 17 saker gjorde UNE om utvisinga. I dei fleste av desse sakene innvilga UNE nytt opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter utlendingsloven § 38 (ekstern lenkje). Opphaldsløyvet vart i i fleire av sakene avgrensa, slik at ho ikkje gir grunnlag for permanent opphaldsløyve før utlendingen dokumenterer identiteten sin. Viss det i desse sakene på eit seinare tidspunkt er aktuelt å gi eit løyve som tel som grunnlag for permanent opphaldsløyve, vil det bli vurdert om det skal givast tilleggstid. 

I UNE sine grunngivingar i vedtaka om tilleggstid er det ofte vist til at det er grove eller svært alvorlege forhold som gir grunn til utvising, og at individuelle- og allmennpreventive omsyn tilseier ein reaksjon. Dei alvorlege forholda gjaldt vesentleg feilaktige opplysningar om identitet eller asylgrunn, langvarig ulovleg opphald eller ein kombinasjon av ulovleg opphald og feilaktige opplysningar eller overseten utreisefrist. I sakene der utlendingen hadde gitt feilaktige opplysningar, vart også tidlegare opphaldsløyve tilbakekalla.

Lovføresegna er relativt ny, og UNE har førebels få vedtak over ein kort periode. Lovgivar har sett nokon rammar for føresegna, men UNE sin praksis for korleis føresegna blir brukt er framleis i utvikling.

Vil du vite meir?