bygningen til Norges Høyesterett

Foto: Adobe stock

Dommen gjev rettleiing for vilkåra for å utvise ein EØS-borgar ved mindre alvorlege lovbrot.

Ein EØS-borgar frå Romania hadde vedteke førelegg for to tjuveri, eit i 2016 og eit nytt i 2019. Etter det siste tjuveriet vart han utvist frå Noreg med eit innreiseforbod på to år. Høgsterett kom til at utvisingsvedtaket var ugyldig, og at saka til den tjuveridømde mannen ikkje ga grunnlag for utvising.

Du kan lese meir om bakgrunnen for at saka blei behandla i Høgsterett her.

Hovudpunkt frå dommen:

  • Høgsterett skriv at vanleg tjuveri (straffelova § 321) normalt vil vere ei alvorleg forstyrring av offentleg orden som kan tilseie utvising. Frå avsnitt 48: «Saman med andre vinningsbrotsverk er tjuveri eit omfattande samfunnsproblem som generelt tilseier utvising, føresett at dei andre vilkåra i § 122 er oppfylte. At norske styresmakter gjennom utvisingspraksis prioriterer slik kamp mot kriminalitet, er klart i samsvar med EØS-retten.»
  • Høgsterett skriv at tjuveriet i 2019 var tilstrekkeleg alvorleg til at omsynet til offentleg orden tilsa utvising. Høgsterett meinte likevel at det ikkje var ei stor nok gjentakingsfare til at han kunne utvisast. Høgsterett la mellom anna vekt på at det andre tjuveriet til mannen var nokså situasjonsbestemt. Frå avsnitt 52: «Trass i episoden frå 2016 gjorde A altså eit nytt tjuveri berre nokre månader etter at han hadde kome til Noreg igjen i 2019. Dette talar for at det er gjentakingsfare. Men tjuveriet i 2019 må seiast å vera situasjonsbestemt – han var med på å ta tre sekkar som stod utanfor ein butikk ein sundag. Storleiken på dei to førelegga viser også at påtalemakta ikkje såg på forholda som alvorlege.»
  • Eit moment har vore at han ikkje har vore del av eit organisert, kriminelt miljø. Frå avsnitt 60-61 i dommen: «Det er ingen opplysningar om at A var involvert i organiserte tjuveri. Det kan heller ikkje leggjast til grunn at han var del av eit kriminelt miljø eller var involvert i noko anna form for samfunnsskadeleg verksemd.»
  • Høgsterett la også vekt på endringane i EØS-borgarens livssituasjon og tilknyting til Noreg i tida etter tjuveriet. Sitat frå avsnitt 63 i dommen: «Han fekk straks etter tjuveriet fast arbeid, skaffa seg bustad og planla å etablere seg med familien i Haugesund. Det var ordna med skuleplass for dottera frå hausten 2019. Denne meir ordna livssituasjonen talar mot at det ligg føre gjentakingsfare.» (...) «Etter Høgsteretts syn avdekkjer ikkje dei to tjuveria eller As livssituasjon tilhøve som gav grunnlag for å konkludere med at han på vedtakstidspunktet utgjorde eit reelt, aktuelt og tilstrekkeleg trugsmål mot grunnleggjande samfunnsomsyn.»

På sidene til Høgsterett kan du lese omtale av dommen. Der kan du også lese heile avgjerda.