Praksisnotat barn og helse

Lova set ein lågare terskel for opphaldsløyve til barn enn til vaksne i saker som handler om helsemessige forhold. Eit nytt praksisnotat viser korleis det reflekterast i UNE sin praksis.

Notatet baserer seg på ein gjennomgang av 76 saker. I 41 av desse sakene innvilga UNE eit løyve. Alle avgjerdane der UNE har gitt eit løyve peiker på at det gjeld ein lågare terskel for barn. Men det er vanskeleg å definere nøyaktig kva terskelen er, fordi sakene blir avgjorde ut frå ei heilskapleg og skjønsmessig vurdering.

Eit fleirtal er avgjorde i nemnd, noko som indikerer at det er mykje tvil i denne type saker. Ei sak blir nemleg berre behandla i nemnd dersom det er vesentlege tvilsspørsmål i saken. Dei fleste sakene er asylsaker. 

Rettsleg grunnlag

Opphaldsløyve på grunn av sterke menneskelege omsyn blir regulert av paragraf 38 i utlendingslova (lovdata.no). Der står det at ein kan gje opphaldsløyve til eit barn «selv om situasjonen ikke har et slikt alvor at det ville blitt innvilget oppholdstillatelse til en voksen». Det står også at barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn.

Vidare seier paragrafen at det kan leggjast vekt på innvandringsregularende omsyn, mellom anna mogelege konsekvensar for omfanget av søknader på liknande grunnlag.

Utlendingsforskrifta paragraf 8-5 (lovdata.no) utdjupar kva forhold ein skal leggja vekt på når ein vurderer om det finst sterke menneskelege omsyn i saker som gjeld barn. Mellom anna skal behov for stabilitet og kontinuitet og barnet sin psykiske og fysiske helsesituasjon leggjast vekt på. I tillegg skal det særleg leggjast vekt på tilknytinga barnet har til Noreg.

Barnets beste

Gjennomgangen viser at helsetilstanden til barnet har stor betydning for vurderinga av barnets beste og korleis det blir vege opp mot innvandringsregulerande omsyn. I tilfella der UNE konkluderer med at det er sterke menneskelege omsyn, er det sjelden det blir avslag på grunn av innvandringsregulerande omsyn. I nesten ein av fire avgjerder der UNE har innvilga eit løyve, er tilknytingen barnet har til Noreg ein sentral grunn.

Innvandringsregulerande omsyn

Det veg tungt for avslag dersom familien søkte vern berre for å få eit betre behandlingstilbod i Noreg. Det same gjeld dersom det å gje eit løyve kan føre til større tilstrøyming av liknande saker. Einskilde avslag viser til dømes til at svært mange andre barn er i ein tilsvarande situasjon.

Andre særlege omsyn

Fleire avgjerder lyfter fram at barnet saken handlar om har større behov for stabilitet og kontinuitet enn barn flest. Det kan også få betydning om det er stigma knytt til diagnosen i heimlandet.

Det er fleire døme på at UNE fyrst har gitt avslag, men så likevel gitt eit løyve etter at klagaren har søkt om omgjering av vedtaket. UNE har då grunngjeve løyvet med helsetilstanden til barnet. Det kan til dømes dreie seg om at den helsemessige situasjonen til barnet har blitt betre dokumentert, eller at helsa til barnet har blitt forverra.

I tillegg til innvandringsregulerande omsyn, er det særleg tre moment som går igjen som vurderingstema: Lidinga sitt alvor, behandlingsopplegget i Noreg og tilgang til behandling i heimlandet. Praksisnotatet utdjupar vurderingane som inngår i desse momenta.

Du kan lese heile praksisnotatet her.