Praksisbasen inneheld eit utval anonymiserte samandrag av avgjerdene til UNE. Ikkje alle vedtak blir lagde inn i praksisbasen. Du kan derfor ikkje bruke samandraga til å utforme statistikk.

Det som blir lagt inn, er samandrag av dei fleste nemndmøtevedtak pluss eit utval frå nemndleiarar og sekretariatet. Det kan ta noko tid frå vedtaka er gjorde, til samandraga er lagde ut.

Enkeltvedtak er ikkje det same som praksis

Samandraga gir eit innblikk i vurderingane UNE gjer, men gir ikkje nødvendigvis uttrykk for ein etablert praksis. For å fastslå ein etablert praksis må eit større tal vedtak bli analyserte i fullstendig form.

Berre stornemndavgjerdene gir presedens. Det vil seie at ein må leggje vekt på dei i vurderinga av liknande saker.

Samandraga er anonymiserte

Fordi vi i UNE har teieplikt om avgjerdene våre, er alle samandraga anonymiserte. Det skal ikkje vere mogleg å skjøne kven si sak samandraget handlar om. Dersom ein kjenner til ei sak frå før, vil det likevel kunne vere mogleg å kjenne henne igjen i praksisbasen. Dette vil vere vanskeleg å unngå for alle samandraga dersom dei i det heile teke skal kunne gi noka meining. Vi tek likevel fleire forholdsreglar for å hindre identifisering:

  • Vi lagar korte, anonymiserte samandrag i staden for å leggje ut heile vedtak.
  • Vi skriv ikkje datoen for vedtaket, berre månad og år.
  • Vi fjernar namn, fødselsdato og saksnummer.
  • Vi gjer vårt beste for å ikkje bruke andre opplysningar som kan identifisere kven saka gjeld, utan at samandraget mistar meining.