Høyesterett_Adobestock.jpg

Photo: Adobe stock

Den russiske borgaren kom til Noreg som 11-åring. Som vaksen har han blitt dømt for fleire grove ran. Vil det vere uforholdsmessig å utvise han?

Det skal Høgsterett vurdere når dei handsamar saka 8.3.

Det var UNE som anka saka etter at lagmannsretten i juni 2021 kom til at avgjerda om varig utvising var ugyldig. Lagmannsretten var i sterk tvil, men meinte det ville vere eit uforholdsmessig inngrep å utvise han.

Om saka

Saka gjeld ein russisk borgar som kom til Noreg da han var 11 år, saman med foreldre og søsken. Han fekk sidan eit permanent opphaldsløyve.

Som vaksen har han utført åtte grove ran med trusler og vald. Han er også tidlegare straffa for mindre alvorlege forhold. Den russiske borgaren har ikkje barn, sambuar eller ektefelle i Noreg.

Lagmannsrettens dom

I si vurdering av om utvisinga ville vere uforholdsmessig, skriv lagmannsretten blant anna dette i dommen:

«Selv om forholdet som A er dømt for og som er grunnlaget for utvisningsvedtaket er meget alvorlig, og de allmennpreventive hensyn (...) taler sterkt for utvisning i dette tilfellet, mener lagmannsretten – under sterk tvil – at As tilknytning til riket tilsier at utvisning likevel er uforholdsmessig overfor ham. Lagmannsretten legger her særlig vekt på As unge alder ved ankomst til Norge (elleve og et halvt år), hans lange oppholdstid her (13 år) og hans relativt sterke tilknytning til Norge og svake tilknytning til hjemlandet.»

Dommen frå lagmannsretten finn du på Lovdata.

UNE grunngir anken med at lagmannsrettens dom bygger på feil rettsanvendelse. Lagmannsretten har lagt for stor vekt på kor gamal borgaren var da han kom til Noreg, den lange botida og den svake tilknytinga til heimlandet, og for lita vekt på alvoret i dei handlingane han er dømt for, meiner UNE.

30.3.2022: UNE fikk medhald i Høgsterett. Du kan lese om dommen her. 

Fakta om utvising

  • Utenlandske borgarar som har brote norsk lov kan få eit innreiseforbod til Noreg. Da får dei eit vedtak om utvising. Ein som blir utvist, må reise ut av Noreg og vanlegvis ut av Schengen–området for ein avgrensa periode eller for alltid.
  • Det er ulike reglar for utenlandske borgarar utan eit løyve (utlendingslova § 66), for dei som har eit mellombels løyve (utlendingslova § 67) og for dei som har eit permanent løyve (utlendingslova § 68).
  • Ei utvising må vere forholdsmessig (utlendingslova § 70). Det vil seie at ein må vurdere alvoret i brota opp mot tilknytinga borgaren har til Noreg, konsekvensane ei utvising vil ha for borgaren sjølv og for nære familiemedlem.
  • Vurderinga av om ei utvising er forholdsmessig eller ikkje, er eit høve på eit skjønn forvaltinga avgjer innanfor visse rammer. Domstolane har ofte ikkje lov til å overprøve skjønnet til forvaltinga, men i saker om utvising kan dei prøve vedtaket fullt ut. Kjem retten til at ei utvising ikkje er forholdsmessig, og dommen er rettskraftig, må UNE forhalde seg til det.

På denne sida kan lese meir om utvisingssaker i UNE.