UNE er eit politisk uavhengig forvaltningsorgan under Justis- og politidepartementet (JD). (fra 01.01.10). Departementet kan ikkje instruere om lovtolking, vurdering eller avgjerder i enkeltsaker (unntatt i saker som gjeld grunnleggjande nasjonale interesser eller utanrikspolitiske omsyn). Styringa må skje gjennom lov og forskrift. Utover dette kan departementet instruere om prioritering av saker og om organisatoriske og administrative forhold .